Musikkhøgskolens historieprosjekt i gang

Astrid Kvalbein. (Foto: Norges musikkhøgskole)

Kva krefter var avgjerande for at vi fekk ein statleg norsk musikkhøgskole i 1973, 90 år etter at Lindemans organistskole starta opp i 1883? Kor stor plass har undervisning, utøving og ulike sjangrar hatt i musikkutdanninga opp gjennom historia? Korleis har dei mest kjente norske musikarane prega skolen, og kva har vore hjartesakene til leiarane?

Av Astrid Kvalbein, prosjektleiar

Noregs musikkhøgskole (NMH) sitt historieprosjekt, som Lindemans Legat støttar, tar ikkje mål av seg til å svare utfyllande på alle desse spørsmåla, og andre vil kome til. Men nokre av dei er sentrale for det arbeidet som no er i gang fram mot 50-årsjubileet i 2023. Målet for prosjektet er å få fram forsking om og dokumentasjon av historia til NMH og å sjå på korleis verksemda har hatt med musikkutdanningshistorie generelt å gjere – frå slutten av 1800-talet av.

Rikt arkivmateriale

Det finst eit rikt arkivmateriale å ta fatt i, frå organistskole- og konservatoriedagane og framover, som vil bli brukt til å kaste lys over historia frå ulike vinklar.  I tida fram til rundt 1970 er arbeidet mange i Lindemanslekta la ned, i samspel med eit rikt nettverk av kollegaer og gjennom tre generasjonar, sentralt.  Overgangen frå konservatorium til høgskole tidleg på 1970-talet er også interessant: kunne verdiane frå den familiedrivne institusjonen bli ført vidare på ein god måte innanfor eit statleg utdanningssystem?

Frå dei siste tiåra vil prosjektet også leggje vinn på å fange opp kunnskap formidla gjennom praksis, som ofte ikkje blir skriven ned. Korleis reflekterer noverande og tidlegare lærarar ved NMH om faget sitt, anten det er musikkhistorie, klassisk song, jazz-saksofon, dirigering, kyrkjemusikk eller klasseromsmetodikk? Eller for den del: kva tankar gjer rektorar og andre leiarar seg om å drive ein institusjon som NMH?  Vi har gjort intervju med fleire sentrale personar ved NMH frå før og etter 1973 og vil kontakte eit utval andre – frå ulike fagfelt, i ulike generasjonar og om ulike tema. Intervjua vil både vere materiale for forsking og analyse, og gi stoff til portrettintervju og annan populær formidling, på nett eller på trykk.

Fremje ny kunnskap

Målet for forskingsverksemda er altså både å fremje ny kunnskap gjennom akademiske publiseringskanalar og å bidra til populær formidling av norsk musikkundervisningshistorie generelt og NMHs verksemd spesielt. Fleire slags forskarar og skribentar vil bli knytt til prosjektet. Tilsette ved NMH og andre institusjonar kan også få midlar til frikjøp frå anna arbeid, frilansarar kan søke om støtte og det vil bli lyst ut ph.d.-stipend med oppmoding om å søke på prosjekt som kan knytast til musikkundervisningshistoria.

Frå sommaren 2018 er det gjort avtalar med tre forskarar. Olaf Eggestad ved universitetet i Stavanger har eit rikhaldig materiale om den første professoren i klaver ved NMH, Robert Riefling (1911-1988). Han vil forske på samanhengen mellom undervisning, etikk og estetikk i tradisjonen Riefling kom frå og den arven han etterlét studentane sine.

Ingrid Loe Landmark vil ta utgangspunkt i verksemda til ein annan profilert pianist og pedagog, Mary Barratt Due (1888-1969). Sjølv om pioneren bak Barratt Dues musikkinstitutt, der Landmark er tilsett i dag, ikkje har direkte tilknyting til konservatoriet eller NMH, var ho ein viktig kunstnar og ein representant for dei mange høgt skolerte kvinnene som dreiv undervisning i tillegg å pleie ein solistkarriere og komponere. Verksemda til dei mange privatlærarane har vore fundamental for musikkundervisninga i Noreg, men er lite forska på og dokumentet til no. Å kunne bidra til å løfte fram slike historiske tema, er ein ambisjon for prosjektet også på eit overordna nivå.

Jazzens inntog

Hans Weisethaunet ved institutt for musikkvitskap i Oslo skal sjå nærare på argumentasjonen og refleksjonane som låg til grunn på jazz kom inn i høgare utdanning. Som kjelder har han intervjumateriale, mellom anna med pådrivarane for den såkalla jazzlinja ved konservatoriet i Trondheim  frå 1979 og dei første lærarane i jazz ved NMH tidleg på 1990-talet. Weisethaunet vil også skrive om denne utviklinga i eit internasjonalt perspektiv.

I løpet av dei første åra vil prosjektleiar – i samspel med ei rådgivande referansegruppe – også utarbeide søknader om ekstern finansiering av delprosjekt med interesse ut over Oslo og Noreg (frå Noregs forskingsråd, EU-midlar etc.).

Sist, men ikkje minst, er det sett av midlar til å engasjerte ein forfattar til å skrive ei illustrert jubileumsbok. Tanken er at den skal trekkje opp dei lange linjene og gode historiene i Noregs musikkhøgskoles 50-årige liv – frå 1973 til 2023, med perspektiv tilbake til 1883.

 Les mer om historieprosjektet HER

 

 

 

Det er stengt for kommentarer.