Tonefangst: Seminar om L.M. Lindeman og kjeldene hans

I samband med 200-årsmarkeringane av Ludvig Mathias Lindeman og Berit på Pynte, båe fødde i 1812, inviterer Valdresmusea til jubileumsseminar på Valdres Folkemuseum 13. og 14. september 2012:

Møte mellom folketonesamlaren L.M. Lindeman og kjeldene hans
Frå ulike faglege ståstadar ynskjer Valdresmusea å sjå nærare på møta mellom dei vesle og den store kulturtradisjonane i Noreg, på midten av 1800-talet. «Impulsar på vandring» og «Berit på Pynte – Norges bedste harpespillerske» er to av foredraga under seminaret.

Berit Pynten

Harpespillersken Berit på Pynte (1812–1899) var fødd på husmannsplassen Brøta under garden Gryte i Lomen i Valdres. Møta mellom Lindeman og Pynte fekk stor betyding for kjeldetilfanget til den folkelege musikken og songen og for forståinga av ein lokal kultur og musikktradisjon. Foto: Bildesamlinga ved Universitetsbiblioteket i Bergen

Innleiarar er teaterhistorikar Anne Margrethe Helgesen, folkemusikk-historikar Bjørn Aksdal, historikar Ingar Ranheim, leiar av Norsk institutt for bunad og folkedrakt Stian Roland, utøvar Bente Hemsing og folkemusikkarkivar Elisabeth Kværne.

«Skjønn Anna»
Konsertframsyninga «Skjønn Anna», med Camilla Granlien, Marit Karlberg, Stein Villa og Morten Jostad blir synt på Slidrehuset på Valdes Folkemuseum tysdag 13. september kl. 19.30

Påmelding
Påmelding innan 1. september til Valdresmusea: tlf. 61 35 99 00 eller til
elisabeth.kvaerne@valdres.museum.no

Pris kr 1100, inkludert framsyninga «Skjønn Anna», middag og lunch to dagar.

Les mer på arrangørens hjemmeside: Valdresmusea

Seminaret er støtta av Lindemans Legat.

Det er stengt for kommentarer.