Kvedarkurs i Ål – for ungdom og vaksne

Kafé Fryd, Ål i Hallingdal

Kafé Fryd, Ål i Hallingdal

Torsdag 3. og torsdag 10. mai kl 19–21 på Kafé Fryd, Ål, Hallingdal.

Det er i år 200 år sidan L.M. Lindeman vart fødd, og jubileumsåret blir markert fleire stader i landet. Også Hallingdal  fekk besøk av denne musikaren og folketoneinnsamlaren. I åra 1851 og 1862 reiste han gjennom dalen og skreiv ned eit titals songar. Desse to kurskveldane i mai vil eg difor lære burt gamle songar frå Lindeman sine samlingar. Han skreiv ned alt frå bånsullar og viser til slåttetrallar, drikkeviser og salmar.

Vel møtt!
Helsing
Gunnlaug Lien Myhr

Arrangør:  Fryd scene og Ål spel-og dansarlag
Kontaktperson: Ingunn Stræte Lie, tlf. 99721108

Pris kr 150 per kveld. Redusert pris for dei som går på ungdomskula og vidaregåande.

Det er stengt for kommentarer.