Lindeman-tonar ved orgelinnviing i Aurdalskyrkja

Aurdal kirke

Aurdal kirke innvier orgel og markerer Lindeman-jubileet 19. februar 2012. Foto: John-Erling Blad/Wikimedia

I Aurdal kyrkje skal det 19. februar kl. 18.30 vera innviingskonsert for det nye orgelet. I sama høve markerer vi Lindeman-jubileumet.

Lindeman var  i Aurdal på to av sine samlarferder. Her skreiv han ned ei mengd tonar.

Når Inger Lise Ulsrud held sin innviingskonsert, vil ho improvisere over 5 av tonane som Lindeman skreiv ned i Aurdal og Valdres.

Arrangør: Aurdal menighetsråd

L.M. Lindeman og Aurdalskyrkja
Lindeman var i si tid som organist ved Vår Frelsers kyrkje i Oslo, no Oslo domkyrkje, mykje nytta som konsulent når nye orgel skulle byggjast. Det nye orgelet i Aurdal er bygd etter dei sama klangideala som Lindeman la til grunn for sitt konsulentarbeid kring i landet.  Orgelbyggjar Berntsen, som bygde 1904-orgelet i Aurdal, var læresvein av orgelbyggjar August Nilsen, han som Lindeman fekk til å bygge nytt orgel til Vår Frelsers kyrkje i Oslo. I tillegg til å være læresvein hjå August Nilsen, var Berntsen også orgelelev hjå Ludvig Mathias Lindeman. Med dette kan ein seia at orgelet i Aurdalskyrkja har mange og nære relasjonar til Ludvig Mathias Lindeman, noko som gjer det naturleg å feire hans 200-årsjubileum samstundes med at me har innviingskonserten for det nye orgelet i Aurdal.

Meir info på www.kulturkyrkjavaldres.no

Det er stengt for kommentarer.