Lindemankveld i Valestrand kulturkyrkje, Sveio

Valestrand kulturkyrkje

Valestrand kulturkyrkje

Gjennom eit langt liv gjorde han ein uvurderleg innsats som komponist, utøvar, pedagog og folkemusikksamlar. Som strateg og aktør sto han sentralt i bygginga av eit levande og bærekraftig musikkliv grunna på norske og europeiske musikktradisjonar.

Ved 200-årsjubileet for hans fødsel vil Valestrand kulturkyrkje synleggjera og aktualisera hans store bidrag til det rike musikklivet me har i dag.

Einar Solbu som no er styreleiar for Lindeman sitt Legat, held foredrag. Sveio songlag vil syngja songar av Lindeman og vår eigen kantor Steinar Alvsaker står for tonefølgje. Han vil også traktera tagentane i solostykker. Ludvig Mathias Lindeman var komponisten av udødelige melodiar, til dømes «Mellom bakkar og berg», «Påskemorgen slukker sorgen»,«No livnar det i lundar» og «Kyrkja ho er eit gamalt hus». Nokre av desse og mange fleire får me høyra i kulturkyrkja.

Billettpris: 150/100/50
Kulturkyrkjekafé

Valestrand kulturkyrkje

Det er stengt for kommentarer.